Velkommen til påsketidsvandring ved kyrkja di


Fram til pinse vil det rundt kyrkjene våre vere høve til ei vandring med 14 stasjonar med tekstar om Jesu oppstode og håpet Jesus gjev oss. 

 

Plakatar frå påsketidsvandringa som er sett opp ved Stedje kyrkje og dei andre kyrkjene i kommunen. Foto: Bente L. Sleen

Ei slik utandørs vandring kan vere eit supplement til påskegudstenester på nett og TV sidan vi ikkje kan møtast og feire gudsteneste inne i kyrkja denne våren. Det er også mange som vitjar gravplassane no på våren. Tanken er at folk kan vandre roleg frå stasjon til stasjon, sjå på bileta og lese tekstane – anten åleine eller i lag med nokon frå same husstand.

Ideen kjem frå kyrkja i Italia (1988), der dei kalla vandringa VIA LUCIS – lysvegen. Engelsktalande kyrkjer brukar namnet Stations of the Ressurection. No har sokneprest i Balestrand, Kjetil Netland i lag med Nordfjord-kunstnaren Magne V. Kristiansen fått utvikla ei tilsvarande vandring på norsk. Kristiansen har laga illustrasjonane til bibeltekstane og står for utforminga av plakatane. Opplegget var klart til produksjon på slutten av mars, og sjølv med kort varsel for bestilling, er det no over 40 kyrkjelydar over heile landet som kan tilby denne påsketidsvandringa.

I kyrkja i Sogndal er vandringa er hengt opp på gravplassen rundt Stedje kyrkje, Kaupanger kyrkje, Fjærland kyrkje, Ølmheim kyrkje, Leikanger kyrkje, Tjugum kyrkje og Sæle kyrkje. Alle er velkomne til å vitje si kyrkje og delta! Samstundes ber vi alle om å fylgje dei nasjonale reglane for å unngå smittespreiing: God handhygiene, maksimalt fem personar i lag (når ein ikkje bur i same husstand) og god avstand - minst to meter. Med 14 postar som heng spreidd og vil henge oppe frå palmesøndag og fram til pinse skulle det likevel vere høve for mange å gå vandringa.

Bilete: Til venstre frå monteringa av påsketidsvandringa ved Stedje kyrkje fredag 3. april. Til høgre initiativtakar Kjetil Netland med ein av plakatane på Tjugum kyrkjegard.

PS! Ringing med kyrkjeklokkene: Kvar laurdag kl.17.00 vil kyrkjeklokkene i fleire av kyrkjene våre ringe i 5-10 minuttar - for å minne kvarandre om at kyrkja og Gud er til stades i bygdene våre.

Tilbake