Bøn i ei vanskeleg tid


Ver gjerne med oss og be denne bøna: 
Herre Jesus Kristus,
Du lækte sjuke og tok deg av dei som var hjelpelause....

 

Herre Jesus Kristus,
Du lækte sjuke og tok deg av dei som var hjelpelause.
Vi kjenner oss hjelpelause i denne kritiske tida for menneske i heile verda.

Ta deg av dei som er smitta og dei som er sjuke. Lat dei få att helsa.
Beskytt dei som har lågt immunforsvar, frå å verte smitta.
Kom med din fred til dei som er redde. 

Verna dei som arbeider i helsevesenet og omsorgstenestene, så dei ikkje vert smitta.
Vi bed for skuleelevar, familiar og verksemder som vert ramma hardt av denne epidemien. 
Gje visdom til styresmaktene i kommunen vår, i Noreg og i verda til å handtere denne situasjonen.
Hjelp oss å få kontroll over spreiinga av corona-viruset.

Miskunna deg over oss, Herre Jesus. 


Du skal ikkje frykta for redsler i natta,
for piler som flyg om dagen,
for pest som fer fram i mørkret,
for plage som herjar ved middagstid.

Du, HERRE, er mi tilflukt.
Salme 91, 5 – 6 og 9a


Treng du nokon å snakka med i denne tida, 
kan du ringe prest eller ein annan av dei tilsette i kyrkja, sjå kontaktsida for dei tilsette.
 

Du kan òg ta kontakt med Kirkens SOS:
www.kirkens-sos.no/telefon

Tilbake