Vedtekter for gravplassane i Sogndal kommune

Vedtekter for gravplassane i Sogndal kommune

Publisert: 14.08.2018
Oppdatert: 29.10.2019

I samband med samanslåing av kommunane Sogndal, Leikanger og Balestrand, må alt av lokalt regelverk m.m., samordnast – såleis òg dei lokale gravplassvedtektene. Desse vedtektene er no godkjende av Bjørgvin Bispedømeråd.

Desse vedtektene er heimla og kjem i tillegg til gravferdslova (lov av 7. juni 1996, om gravplassar, kremasjon og gravferd (gravferdslova) §21.

Vedteke i Sogndal, Leikanger og Balestrand kyrkjelege fellesnemnd 14.05.2019.  Godkjent av Bjørgvin Bispedømeråd 26.06. 2019. Vedtektene trer i kraft frå godkjenningsdato hjå Bjørgvin Bispedømeråd.

§1 FORVALTNING

Gravplassforvaltinga i Sogndal kommune er Sogndal kyrkjelege fellesråd.

§2 GRAVPLASSTILKNYTING

Avlidne personar som ved dødsfallet var manntalsførte i kommunen har rett på fri grav på gravplass i kommunen. Dette gjeld også om den avlidne på grunn av sjukdom eller alderdom har budd utanfor kommunen dei siste fem åra, og av den grunn ikkje er manntalsført der. Ein føresetnad for rett til fri grav er at grava er tilvist av gravplassforvaltninga.

Gravplassforvaltninga kan gje løyve til at også avlidne personar utan bustad i kommunen kan gravleggjast på ein gravplass i kommunen, men det vert då kravd dekning av kostnader ved gravferda; jfr. Gravferdslova §6.

§3 FREDINGSTID

For fylgjande gravplassar gjeld ei fredingstid på 20 år for kister og oskeurner: Leikanger, Stedje, Ølmheim, Fjærland, Kaupanger kyrkjegardar og Kaupanger Gravlund.

For fylgjande gravplassar gjeld ei fredingstid på 30 år for kister og oskeurner: Husabø, Tjugum, Sæle, og Kvamsøy kyrkjegardar.

§4 FESTE AV GRAV

Festetida for ei grav er for 5 år om gongen. Denne festetida gjeld også for festing av ledig grav attmed den som er teken i bruk.

Når kistegrav vert teke i bruk, er det høve til å feste ei grav ved sida av, og etter godkjenning frå gravplass-forvaltninga for ei ekstra grav i tillegg når det er bruk for det. Desse gravene utgjer då ein gravstad.

Ved bruk av urnegrav kan ein ikkje feste grav ved sida av.

Når fredingstida/festetida er ute, kan grava festast vidare for fem år om gongen ved å betale tilsendt krav om festeavgift.

I rimelig tid før fredingstid eller festetid går ut, skal festaren varslast om dette. Dersom festet ikkje er fornya innan seks månader etter at varsel er sendt ut, fell gravstaden attende til gravplassen og kan fritt nyttast om att av gravplassforvaltninga.

Ingen kan gravleggjast i festa gravstad utan samtykke frå festaren. Dersom festaren sitt samtykke ikkje kan innhentast, kan kyrkjeleg fellesråd avgjere spørsmålet om gravlegging. Festaren pliktar melde frå om endring av adresse.

§ 5 GRAV OG GRAVMINNE

§5,a: Ved opning av grav kan jord leggjast på omkringliggjande graver og gravutstyr midlertidig flyttast. Gravplassforvaltninga vil syte for planering og tilsåing av grava etter gravlegging.

I tida før gravminne kjem opp kan grava vere merka med eit midlertidig symbol med namn på den gravlagde, t.d. ein trekross med namn på den gravlagde.

Gravminne skal ikkje setjast opp tidlegare enn 6 månader etter gravlegging. Gravminna skal plasserast slik at bakkant av gravminna står på rett linje, sett frå rekkemerker på gravfeltet.

På ny, festa gravstad vert gravminnet plassert i bakkant av den grava som er teken i bruk. Festar kan sørgje for at gravminnet vert sentrert mellom gravene etter at grav nr. 2 er teken i bruk og ber då kostanden med dette.

Festaren eller den som er ansvarleg for fri grav er ansvarleg for eventuelle pyntegjenstandar som er montert på gravminnet eller plassert t.d. i plantefeltet framfor gravminnet.

Gravplassforvaltninga har ikkje erstatningsansvar for skade på dekorgjenstandar eller gravminner dersom skaden skuldast vanleg drift av gravplassen.

§5,b: Det er særskilte krav til gravminna på Kaupanger Gravlund, og der gjeld fylgjande:

Gravminnet skal vere av upolert naturstein: Det skal vere liggjande, og mest mogleg naturtru i utforming. Det skal maksimum ha 25 cm. høgd og 75 cm. breidde.
Maksimum lengd på gravminnet kan ikkje vere lengre enn at gravminne og plantefelt til saman utgjer 90 cm. Det vert ikkje kravd fundament/sokkel på desse liggjande gravminna. Gravminne skal ikkje vere utstyrt med lause eller fastmonterte lykter eller pyntegjenstandar.

§ 6 PLANTEFELT

§6,a: Framfor gravminnet er det høve til å opparbeide eit plantefelt i høgd med bakken rundt. Det må ikkje vere breiare enn breidda på gravminnet, men kan i alle høve vere opp til 60 cm. breitt. Det kan ikkje stikke lenger fram enn 60 cm, målt frå bakkant av gravminnet. Det kan ikkje plantast vokstrar som er høgare enn gravminnet eller går ut over plantefeltet.

Det er høve til å ramme inn plantefeltet med ein natursteinskant som fluktar med terrenget rundt, men som ikkje er festa i eller er i eitt stykke saman med sokkel. Det er ikkje høve til å ramme inn plantefeltet med steinar som ligg lause rundt.

Dekorgjenstandar skal vere av ein kvalitet som tåler tilhøva på gravplassen. Lause dekorgjenstandar, som t.d. gravlys eller lamper, skal fjernast etter bruk. Av omsyn til brannfare er det ikkje høve å pynte grava med faklar eller lys med open eld. Gravlykter skal vere festa i bakken.

Dersom ein ikkje ynskjer å opparbeide plantefelt, kan det vere grasbakke på alle sider av gravminnet, eller plantefeltet kan dekkast med ei steinhelle som fluktar med terrenget.

Gravplassforvaltninga har ikkje erstatningsansvar for skade på dekorgjenstandar i plantefeltet, innramming av plantefeltet eller planter i plantefeltet når skaden skuldast vanleg drift av gravplassen.

§6,b: Det er særskilte krav til plantefelta på Kaupanger Gravlund, og der gjeld fylgjande:

Det er høve til å opparbeide plantefelt framføre dei liggande gravminna som går 90 cm fram, målt frå bakkant av gravminne. Det er høve å plante planter som er høgare enn gravminne, men plantene skal ikkje overstige 40 cm. Dersom ein ikkje ynskjer å opparbeide plantefelt, kan det vere grasbakke på alle sider av gravminnet. Det er ikkje høve til å ramme inn plante-feltet med natursteinskant.

§ 7 PLANTEMATERIALE

Planter, kransar og liknande materiale som vert nytta ved gravferd eller ved pynting av grav, og som endar som avfall, skal vere komposterbart.

§8 STELL AV GRAV

Den som er ansvarleg for fri grav eller er festar har rett og plikt til å stelle den grava vedkomande har ansvar for i samsvar med lov og forskrift. Den som er ansvarleg for fri grav eller er festar pliktar også å halde gravminnet sikra og i forsvarleg stand. Plantefelt som over tid ikkje vert stelte, skal ryddast og tilsåast med plenfrø av den ansvarlege eller av gravplassforvaltninga.

§ 9 BÅREROM

Kyrkjeleg fellesråd disponerer bårerom. Slike rom skal berre nyttast til å ta vare på avlidne i tida fram til gravferda. Ingen har tilgjenge utan etter løyve frå gravplassforvaltninga. Framsyning av den døde kan berre gjerast etter samtykke frå den som syter for gravferda.

§ 10 NÆRINGSVERKSEMD

Næringsdrivande som ynskjer å drive verksemd på gravplassen skal ha løyve frå kyrkjeleg fellesråd. Løyve kan tilbakekallast dersom vedkomande ikkje rettar seg etter dei reglane som gjeld. Slik verksemd kan berre omfatte montering og vedlikehald av gravminne, og planting og stell av graver. Montering av godkjent gravminne kan skje på tilvist plass når jordmassane har sett seg etter oppgraving, og ikkje tidlegare enn seks månader etter gravlegging.