Informasjon om festeavgift og festing av ei grav

Informasjon om festeavgift og festing av ei grav

Publisert: 23.10.2019
Oppdatert: 23.10.2019

Festing av grav og festeavgift er noko som mange lurar på. På denne sida har vi samla ei rekkje spørsmål kring desse to tema. 
På denne sida finn du vedtektene som gjeld for gravplassane i Sogndal, Leikanger og Balestrand.

Vi har og laga ein artikkel om kva ein gjer når eit dødsfall har skjedd, samt ei side med ofte stile spørsmål kring grav og gravferd som kan vere nyttig å lese.

Kva er festeavgift?

Festeavgift (gravleige) er med og finansierar administrasjon, drift og vedlikehald av gravplassane.

Festeavgifter er ei av få inntektskjelder som fellesrådet har i tillegg til kommunal løyving.

Festeavgifta vert fastsett av kommunen etter framlegg frå fellesrådet.

Frå 01.01.2019 er gjeldande festeavgift for Sogndal og Leikanger kommunar kr. 300,- i året pr. grav. Festeavgifta blir fakturert for ein periode på 5 år, det vil seie at du får ein faktura pålydande kr. 1500,- for å feste ei grav i 5 år.

Kva betyr festing av grav?

At ei grav er festa betyr at den er reservert til bruk og betalt festeavgift for. Festeansvaret må vere skrive på ein person. Festaren vert òg kontaktperson for kyrkjekontoret i høve grava, og er den som mottek faktura på festeavgift.

Den som er festar av ei grav kan bestemme:

  1. kven som skal gravleggjast i grava
  2. om det skal stå gravminne på grava
  3. kva gravminne ein vil nytte
  4. kva blomar/planter og pynt det skal vere i plantefeltet.

Det er festaren som er registrert som eigar av gravminnet og den ansvarlege skal difor vere ein fysisk person som sørgjer for at det vert ført jamleg tilsyn med at grav og gravminne er i samsvar med lover og forskrifter (jf. sikring av gravminne, planting).

Kven kan vere festar?

Det er dei pårørande sjølve som oftast avgjer kven det er som skal stå som festar for ei grav. Oftast er dette den nærmaste pårørande, t.d. ektefelle til avdøde eller eit av borna. Festeansvaret må vere skrive på ein person og ikkje t.d. eit firma.

Ved usemje om kven som skal overta festeavtalar som den avlidne hadde ansvar for, må saka leggjast skriftleg fram for Sogndal kyrkjelege fellesråd for avgjerd.

Kor lenge kan ein feste ei grav?

Det er ulike lokale reglar for festing av graver. I Sogndal er festetida 5 år om gongen. Ein får feste ei grav så lenge ein sjølv ynskjer det, og festet blir fornya ved å betale festeavgift for grava. Dersom ein ynskjer å slette ei grav/seie opp festet må ein gi kyrkjekontoret melding om dette. Festaren får då tilsendt eit eige skjema for dette, fyller det ut og returnerer dette til kyrkjekontoret. Festaren kan då fjerne gravminnet sjølv, men dersom kyrkjekontoret må fjerne gravminnet må ein betale ei avgift for dette.

Korleis er festereglane og kor mykje kostar det å feste ei grav?

  • Festeavgifta er ofte ulik frå kommune til kommune. Den vert bestemt lokalt av kommunestyret etter tilråding frå fellesrådet. Det er kyrkjekontoret som krev inn festeavgifta frå deg som festar.
  • I Sogndal kostar det kr. 300,- pr. grav pr. år (pris 2019). Det vert kravt inn for 5 år om gongen.
  • Nyttar ein ei frigrav/ny grav som ikkje er festa, har ein rett på fri grav i fredingstida. Det vil seie at ein ikkje får krav om festeavgift før fredingstida har gått ut.
  • For fylgjande gravplassar gjeld ei fredingstid på 20 år for kister og oskeurner: Leikanger, Stedje, Ølmheim, Fjærland, Kaupanger kyrkjegardar og Kaupanger Gravlund.
    For fylgjande gravplassar gjeld ei fredingstid på 30 år for kister og oskeurner: Husabø, Tjugum, Sæle, og Kvamsøy kyrkjegardar.
  • Ved gjenbruk av grav, får ein ikkje nye friår for festeavgift. Nyttar ein ei grav som allereie er festa, så går festeperioden vidare som før. Den stoppar ikkje opp, eller blir endra i samband med slik gjenbruk/bruk av festa grav.
  • Festar ein ei grav attmed den nye grava, t.d. til attlevande ektefelle, får ein krav om festeavgift for denne grava. Ved bruk av denne festa grava, får ein heller ikkje 20/30 år fri for festeavgift. Ei festa grav blir aldri fri att, før den eventuelt går ut av feste eller ikkje blir festa vidare av dykk som pårørande.
  • I Sogndal vert det ikkje kravt festeavgift for barnegraver.

Er tal graver lik tal gravsteinar?

Nei. Ein kan ha felles gravstein for fleire graver; t.d. har ein ofte ein felles gravstein for eit ektepar. Ekteparet er gjerne gravlagt ved sidan av kvarandre i 2 graver,  men har felles gravstein. Når ein då t.d. får krav om festeavgift, får ein krav for to graver. Festeavgifta vert ikkje rekna ut frå kor mange gravsteinar ein har, eller med kor mange som ligg gravlagt der, men kor mange fysiske gravplassar i marka ein har.

Aukar festeavgifta etter kor mange som ligg gravlagt i ei grav?

Nei. Festeavgifta vert rekna pr. grav, og ikkje ut frå kor mange som ligg gravlagt der, eller kor mange gravsteinar ein har. Ei grav kan difor vere gjenbrukt fleire gonger, utan at dette får konsekvensar for festeavgifta. Ein betalar festeavgift pr. fysiske gravplass i marka.

Er det mogleg å feste vidare berre ei av dei to gravene i eit feste?

Ja. Det er mogleg å feste vidare berre ei av gravene frå eit feste som omfattar 2 graver. Den grava som ein ikkje ynskjer å feste vidare går attende til gravplassen og kan då nyttast av andre. Festaren disponerer då berre den eine grava som han ynskjer å feste vidare. Gravminnet må stå på den grava som vert festa vidare. Det tyder NB! at dersom gravminnet står sentrert på gravstaden, må festar syte for at gravminnet vert flytta til den grava som vert festa vidare.

Kva skjer med grava når festetida er ute og ein ikkje ynskjer å fornye denne?

Dersom ein ikkje har ynskje om å fornye eit feste så skal grava slettast.

Då skjer fylgjande:

  • Dersom festaren ikkje ynskjer å fornye festet, gir han melding til kyrkjekontoret om dette.
  • Festaren får tilsendt eit skjema frå kyrkjekontoret, der ein signerer på at grava kan slettast. Festaren får då høve til å fjerne gravminnet frå kyrkjegarden på eigahand, eller at kyrkjekontoret kan gjere det for han. Gravminnet skal då bli fjerna innan 6 månader.
  • Dersom kyrkjekontoret skal fjerne gravminnet, kostar dette kr. 600,- (pris 2019). Gravminnet blir då fjerna frå grava og knust. Dette for at namn ikkje skal vere attkjenneleg i etterkant.
  • Grava er då fri til å bli nytta av andre.