Kva gjer ein når eit dødsfall har skjedd?

Kva gjer ein når eit dødsfall har skjedd?

Publisert: 23.10.2019
Oppdatert: 23.10.2019

Når eit dødsfall har skjedd, er det mange ting som skal ordnast og ofte kjem det ein del spørsmål om korleis ein går fram. Vi har samla ein del spørsmål og informasjon i denne artikkelen som vi håpar vil gje ein del svar.

Vi har og laga ei side med ofte stilte spørsmål kring tema gravferd og grav, samt ei side med ein del spørsmål om festeavgift som kan vere nyttig å lese.

  • Gi deg sjølv lov til å ta den tida du treng.
  • Ta så kontakt med nærmaste kyrkjekontor eller gravferdsbyrå. Telefonnummeret til Sogndal kyrkjekontor er 57679985.
  • Kyrkjekontoret hjelper deg med å avtale tid for samtale, gravferd, gravplass m.m. Dei kan og hjelpe deg med val av salmar, skriving av dødsannonse, båreandakt og andre praktiske ting. Ynskjer du heller å nytte eit gravferdsbyrå, må du gjerne gjere det.
  • Mange ynskjer å ha ein båreandakt kort tid etter dødsfallet. Ynskjer de at ein kyrkjeleg tilsett/prest/diakon skal vere med på dette, tek de kontakt med kyrkjekontoret. Gravferdsbyrået kan og formidle dykkar ynskje om de vil det.
  • Ofte er det gravferdsbyrået som melder dødsfallet til lensmann, men du kan også gjere dette sjølv om du ynskjer det.
  • Gravferdsbyrået hjelper deg med kiste og transport av båra frå heim, sjukehus, aldersheim eller andre stader. Båra vert då oppbevart på bårerommet i eitt av kapella.
  • Ynskjer du å pynte i kyrkja til gravferda sjølv, er dette fullt mogleg. Du kan også kontakte den lokale blomsterhandlaren som kan gjere dette for deg, eller saman med deg. Ynskjer du å nytte gravferdsbyrået, yter dei også denne tenesta.
    I kyrkjene våre har ein katafalk og katafalkteppe (kistebenk og teppe), sjuarma lysestakar og anna utstyr ein nyttar under ei gravferd. Det er ein fin tradisjon å bruke det utstyret som høyrer til i kyrkja. Ein treng difor ikkje leige dette frå eit gravferdsbyrå, om ein ikkje ynskjer det.
    Kyrkjene har ikkje eigne stativ ein heng opp kransar på. Gravferdsbyråa eller blomeforretningar som pyntar i kyrkjene har eige utstyr til dette.
  • For trykking av salmar kan de gjere dette sjølve, nytte eit lokalt trykkeri, eller avtale med gravferdsbyrået.
  • Dersom du ynskjer solomusikk eller solosong i gravferda må du skaffe dette sjølv. Kyrkjekontoret kan også gi tips om kven du kan kontakte. Gravferdsbyråa kan også hjelpe deg med dette.
  • Kyrkjekontoret vil gjerne hjelpe deg med å finne ein høveleg gravplass. Har de familiegraver på ein av kyrkjegardane våre, kan me saman finne ut om ein av dei kan nyttast. Ynskjer de ei ny grav, kan me saman finne ein høveleg plass, anten via samtale eller me møter dykk på gravplassen og viser dykk kva alternativ de kan velje mellom. Har de allereie ei reservert grav, vert denne nytta.
  • Er det ynskje om kremering og bisetjing i staden for ordiner gravferd, kan kyrkjekontoret hjelpe deg med spørsmål kring dette. Oftast har ein då ei bisetjing/seremoni i kyrkja, og så vert kista køyrt til eit krematorium. Vanlegvis vert eitt av krematoria som ligg nærmast nytta. Dei nærmaste for vårt område er krematoria i Bergen og Odda. Gravferdsbyrået kan hjelpe deg med transport av kista til krematoriet. Krematoriet sender så urna direkte til kyrkjekontoret etter at dei har fått ei stadfesting om gravplass frå kyrkjekontoret. Skal urna setjast ned på ein gravplass ein annan stad i landet, sender krematoriet urna direkte til kyrkjekontoret på den staden.
  • Når melding om dødsfall vert motteke hjå kyrkjekontoret tek ein av prestane eller diakonen kontakt for å avtale tidspunkt for ein samtale. Oftast kjem dei heim til dykk som pårørande, men ynskjer de heller å ta samtalen på kontoret er de velkomne til det. Saman med presten/diakonen kan de som pårørande avtale vidare kontakt, samtale om den avdøde, sjå på salmevalet og snakka om minneordet som skal lesast opp i gravferda. Vi oppmodar gjerne familien til å skrive minneordet.
  • Mange ynskjer å ha eit minnesamvær for dei frammøtte etter gravferda, eller berre for den nærmaste familie. Tid og stad for dette må de ordne sjølve. Er det ynskjeleg at presten/diakonen er med på minnestunda, må dette avtalast direkte.
  • Ei stund etter gravferda vil de som pårørande motta ein brev frå diakonen, der det vil bli gitt eit tilbod om oppfølging i etterkant av dødsfallet. De kan då gjerne møte diakonen til samtale på kontoret, eller diakonen kan komme heim til dykk om de heller vil det. Ynskjer de helst at samtalen skal føregå via telefon, er dette og fullt mogleg. Diakonen kan vere ein god samtalepartnar i sorg og krise, men og i andre fasar av livet. Det er og høve til å ta kontakt med den presten som forretta ved gravferda.
  • Kyrkjekontoret tek ikkje betalt for den hjelpa dei yter i samband med dødsfall og gravferd.