Orgelkonsert med Kåre Nordstoga i Stedje kyrkje

Orgelkonsert med Kåre Nordstoga i Stedje kyrkje

Publisert: 15.01.2020
Oppdatert: 15.01.2020

Haarklou-festivalen går av stabelen frå 31. januar til 2. februar. Fredag 31. januar kl. 19.00 vert det konsert i Stedje kyrkje ved domorganist i Oslo, Kåre Nordstoga.

På programmet står musikk av Johannes Haarklou, nærare bestemt Orgelsymfoni nr 1 og 2, samt Fantasie Triomphale.
Billettar kostar kr. 200,- for vaksne og 100,- for born/ungdom og kan kjøpast på www.fordehuset.no.

Arrangør: Haarkloufestival 2020


Kåre Nordstoga (1954) er fra Heddal i Telemark der han fikk sin første orgelundervisning hos Harald Aune og Odd J.Unhammer. Ved musikkhøgskolen i Oslo blei han utdanna med bl.a. Søren Gangfløt, Bjørn Boysen og Kaare Ørnung som lærarar. Etter debutkonserten i 1978 studerte han vidare hos David Sanger i London og var ei tid organist Ullern kirke før han kom til Oslo domkirke i 1984. Han har også vore knytta til Norges Musikkhøgskole som lærar i orgelspel.

Nordstoga har i mange år vor ein av våre mest aktive konsertorganistar, både som solist og akkompagnatør. I tillegg til konsertar rundt i Norge har han spela i Notre-Dame Paris, St. Pauls, London og Musashino kultursenter i Tokyo, Konservatoriet i Moskva, samt bl.a. orgelfestivalane i Gdansk, Belgorod, Cantu, Århus, Åland og Riga. I 2018 var han deltakar i Stavanger konserthus der alle Messiaens orgelverk blei framført same kveld, og for eit par år sidan var han organist hos Teater Ibsen ved ei kyrkjeoppsetting av Ibsens Brand der han framførte sin eigen musikk.

Som domorganist i Oslo domkirke framfører Nordstoga jamnleg eit stort orgelrepertoar, bl.a. har han to gongar gitt populære konsertrekker med Bachs samla orgelverk. Han har dessutan spela inn CD-plater med orgelmusikk av Bach, Brahms, Franck, Widor og Liszt, ei innspeling med alle Bachs fiolinsonater i samspel med Geir Inge Lotsberg på domkirkas kororgel, og fleire plater med norsk orgelmusikk av bl.a. Sandvold, Haarklou og Åm. Fleire gongar har han blitt nominert til Spellemansprisen, og for tida er han i ferd med å fullføre si innspeling av Bachs samla orgelverk på historiske orgel i Europa. Ein av CD-platene frå katedralen i Caen, blei nyleg kåra av BBC Radio 3 som beste innspeling av Widors Symfoni nr. 5. Hans nye innspeling av Poulencs orgelkonsert med Kringkastingsorkesteret blei nominert til International Classical Music Awards.