Påmelding til LysVaken 2019

Påmelding til LysVaken 2019

Publisert: 07.11.2019
Oppdatert: 07.11.2019

Trusopplæringa inviterar alle 11-åringane (2008-kullet) i Sogndal og Leikanger til ei heilt spesiell samling, med overnatting i Leikanger kyrkje, frå laurdag 23. november kl. 18.00 - 24. november kl. 12.00 (etter gudstenesta).

MELD DEG PÅ HER!

Me lovar ei kjekk og heilt «utanom-det-vanlege» tjuvstart på adventstida; kino i kyrkjerommet, pizzafest, gudstenesteworkshop og «Nyttårsfeiring» (1.søndag i advent byrjar nemleg det nye kyrkjeåret). Tenk, du får sjansen til å sove i kyrkja! Dette er noko du ikkje vil gå glipp av!

Lys Vaken fell også saman med «Familiesøndag i Leikanger kyrkje». Det betyr at alle som kjem på gudstenesta kl. 11 den dagen også er inviterte til å vere med på frukost i kyrkjelydshuset kl. 10.

Overnatting i kyrkja

For at me skal kunne overnatte i kyrkja er me avhengig av noko godvilje frå foreldre eller fadrar, at nokon av dykk kan stille som nattevakter. Me kjem til å vera minimum to vaksne/eller ein vaksen for kvart 10. barn medan dei søv. Me deler nattevaktene inn i fire bolkar på to timar (00-02, 02-04, 04-06 og 06-08).  Meld dykk til Birte Husum (Leiar for trusopplæringa), då får de meir info omkring dette.

Pris

Deltakaravgift for arrangementet er kr. 100, det kan betalast kontant eller med Vipps ved registreringa. Du nyttar då Vipps-nr 77448:
- Trykk "Kjøp og betal"
- Søk opp nr 77448
- Du får då opp "LysVaken Sogndal og Leikanger"

Tillatelse til publisering av foto/video

Under LysVaken vil det bli tatt litt bilete som vi kan tenkje oss å nytte i vårt informasjonsarbeid. Dette kan mellom anna vere kyrkjelydsblad, våre nettsider, facebook-sidene til våre kyrkjer eller andre kanalar som vi nyttar og vil nytte.

For å kunne nytte bilete der ditt barn er med, treng vi tillatelse frå dykk som er foreldre/foresatte. Denne tillatelsen må vi ha skriftlig, og du må då fylle ut dette skjemaet. Dette skjemaet kan fyllast ut direkte på pc eller ved å skrive ut. Ta med deg ferdig utfylt skjema til LysVaken når du kjem dit, eller du kan sende på e-post til post@sogndal.kyrkja.no. Merk e-posten med "Tillatelse til publisering av foto/video".

Andre spørsmål

Ved spørsmål, send e-post eller SMS til birte@sogndal.kyrkja.no / 947 98 799. 
For at me skal kunne arrangere LysVaken har me satt eitt minste deltakartal på 10 born. 
Me ser fram til å overnatte i Leikanger kyrkje, saman med 11-åringane!

Med venleg helsing Kyrkja i Sogndal og Leikanger
v/ leiar for trusopplæringa Birte Husum.