Velkommen til Birte Husum

Velkommen til Birte Husum

Publisert: 09.08.2019
Oppdatert: 09.08.2019

Måndag 5. august starta Birte Husum sin jobb hjå oss. Ho skal vere vikar for trusopplæringa i Sogndal og Leikanger medan Monica Ugulsvik har permisjon.

I kyrkjelydsbladet før sumaren, stod det blant anna:

Birte kjem frå Bergen og er utdanna sjukepleiar, og har jobba mange år i heimesjukepleia. Dei siste fire åra har ho hatt ei stilling som kreftkoordinator i 50% stilling, og kontorstilling i pleie og omsorg. I tillegg har ho vore plasstillitsvald for sjukepleierforbundet, der ho det siste året har vore hovudtillitsvalt.
Ho og mannen Ottar har hatt sundagsskule i Sogndalsdalen i fleire år, og ho har vore innom diverse barne- og ungdomsarbeid som frivillig både i Bergen og her i Sogndal. I 2004 var ho og Ottar med på å starte Basecamp her i Sogndal, og dei har no ein son som er med der.
På Facebook skriv Birte: «Dette var en fantastisk mulighet som dukket opp, en anledning jeg bare måtte gripe. Jeg kommer til å savne alle de fantastiske kollegene mine på SHOS, men jeg er allerede blitt tatt svært godt i mot på kirkekontoret, og vet jeg kommer til å få det kjempefint med gjengen der også. Arbeidsinnholdet blir veldig forskjellig fra det jeg har nå, men jeg skal få lov til å jobbe med mennesker, og det er det fineste som finnes."

Vi ser frem til å ha Birte på kontoret her hjå oss, og ynskjer ho velkommen til oss!